Tidspunkt: 4:55 AM - 7:55 AM


Hjelp

Løysinga gjer deg oversikt over kapasiteten på bussar og Bybanen i området Hordaland. Datagrunnlaget viser tall frå i går og ein veke tilbake i tid. På den måten kan du sjekke når det er sannsynleg at det er mykje folk om bord, og tilpasse reisa di til når det er ledig kapasitet.

Du har desse valga:

  • Vel tidsperiode du vil reise (på mobil må du trykke på området du vil flytte markøren til)
  • Vel mellom alle avgangar eller vis berre dei som har avvik.
  • Vel linjenummer eller haldeplass.
  • Vel smittevernnivå for kollektivtrafikken. Per 21. august er det gult.

Fargetyding i tabellen:

Grøn Meir enn 20% av gjeldande kapasitet ledig
Gul Mindre enn 20% av kapasitet ledig ein eller fleire gonger i løpet av avgangen
Raud Fleire ombord enn kapasitet ein eller fleire gonger på avgangen
Kvit Data ikkje tilgjengeleg

Ved nasjonal status gul så er gjeldande kapasitet tolka som 75% av praktisk kapasitet på transportmiddelet (Døme: Ein buss som til vanleg har plass til 60 passasjerar har no plass til 45. Bussen vil syne gult i løysinga om det i løpet av avgangen er fleire enn 36 ombord samstundes, raudt om det er fleire enn 45 ombord samtstundes).
Merk at det er eigne reglar for kapasitet på skuleruter.

Har du tilbakemelding om løysninga, ver venleg å bruk kontaktskjemaet her.